Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Blade er lagt burt. Og Blade gjeng til sin Stad, og Folke geispar.»

Han er ikkje lenger ein av dei som lèt blaasa i Lur for seg.

XX.

«Hjelpa dei fatige er aa ala upp Dagdrivarar,» segjer eg.

«Nei,» svarar han, «ikkje naar eg hjelper dei med mitt eige Arbeid.

Dagdrivarar avlar Dagdrivarar; og Fanten èlst i Rikdom som Makk i eit Aat. So lengi ser dei smaae paa dei store, til dei tenkjer: me og vil leva godt med lite Stræv; men den som arbeider, lærer andre aa arbeida.»

«Med Arbeide ditt rekk du knapt meir enn hjelpa deg sjølv,» meiner eg. Han smiler.

«Du veit kje kor lite ein treng. Ingen veit det no, etter dei tok til aa leva for Pengar. Men det er Daarskapen som kostar, meir enn Maten.»