Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
3


Eg gjekk til dei som ser Syner og hev Draumar og manar Aander og granskar dulde Ting; og eg sagde: «Kann De visa mig Faderen?»

Men dei viste meg Skuggar. Og Skuggarne svara paa det som eg ikkje spurde um.

Daa vart eg leid og leitte ikkje lenger.

II.


Men daa eg var aaleine i det framande Lande, og tok til aa illtrivast, og Hugen vart uroleg og Dauden banka paa, tenkte eg: um Faderen er burte, vil eg sjaa att Barneheimen. Eg vil finna mine eigne; og dei vil høyra paa meg og tilgjeva meg. Og hjaa dei vil eg finna ei Livd; og der, hjaa mine eigne, vil eg døy, og samlast til mine Fedrar.

Eg gjorde i Pengar det eg enno aatte og drog heim. Men daa eg