Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
2

og er aaleine og rædd, og sjuk; og han er den einaste som kann hjelpa meg.»

Og dei røynde sin Visdom og sine Sjaa-glas, og rekna seg gjenom Himlar og Heimar og ransaka Stjernetaakur og Avgrunnar; men dei sagde: «Faderen er burte, og me finn han ikkje.»

Og ein av dei eldste sagde til meg: «Er du og ein av dei, som leitar etter Faderen? Eg skal segja deg ein Ting. Den som leitar finn, men ikkje det han leitar etter.

Faderen er den, som Baani skapte i sitt Bilæte; og dei gjorde han stor, og sette han upp for seg til ei Trøyst og ei Hjelp; for dei var smaae og kunde ikkje vera faderlause.

Men naar dei vert større, og er ufornøgde med Heimsstelle, og ikkje fær Hjelp naar dei bed, og ikkje Svar naar dei spør, daa gjeng dei paa Leit etter Faderen og finn seg sjølve.»