Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
I.

Eg hadde levt som den burtkomne Sonen og var som han komen i Naud; men daa eg som han søkte heim att, var Faderen burte.

Eg gjekk til Prestarne og sagde: «kjære, finne meg att Faderen! for eg hev sett til mi Kraft og mi Von og alt mitt Liv og maa døy; og han er den einaste som kann hjelpa meg.»

Og dei song sine Songar og mana med Bøner og sterke Ord. Men Faderen saag eg ikkje.

Eg gjekk til dei vise og sagde: «kjære, finne meg att Faderen! for eg hev spillt mitt Liv og er i Naud,