Hopp til innhold

Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Naud han kann naa; for han tener Meisteren.

Og Folk av alle Slag søkjer han, helst i Løynd, og fær Rad og Rettleiding um laagt og um høgt; og i Grunnen trur alle at han er noko framifraa.

Eg maa faa Greide paa han. Men eg skynar no, at um det skulde henda at ein møtte noko godt paa Jordi, so vilde ein ikkje lett kunna skilja det fraa Galenskap elder meinsløg List.

For det gode er utrulegt.

XVIII.

(Kveldsukk.) Endaa ein Dag.
Ein gagnlaus lang Dag.
Og endaa ei Nott.
Ei kvilelaus lang Nott.
Det sprengjer i Haus.
Det verkjer i Barm.
Det rykkjer, bankar, brenn.