Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Der er Strid um han allstad. Her i Huse er Mannen mot han og Kona med han. «Det er ein Luring som alle heilage», segjer Mannen. Kona svarar ikkje paa det; men til meg segjer ho: «han er kje som dei andre.» Og smiland legg ho til: «han hev Raad for alt; meg lærde han aa tukta Mannen min.» «So? Var Mannen din so lei?» «Han var eit Troll!» «Kva Raad fekk du for det daa?» «Eg skulde setja mi Glede i aa gjera meir enn min Skyldnad.» «Og det hjelpte?» «Ja paa Resten hjelpte det.» Og ho fortel meg mykje godt um Bror min.

Mangt hev han vore uti, og mangeleis vert han dømd. Vanlegt Folk segjer det vanlege: han er galen. Dei gudelege segjer: han hev Djevelen. Men sùme held han for ein Profet. For han ofra for Guds Skuld alt han hadde kjært; og no sìt han paa si Heid og lever av sitt Stræv; og han gjeng um og gjer vèl mot all den