Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Staal. Sjuk vart eg, og ør, og misste Svevnen, og gamalt vondt braut upp; og hadde eg trampa andra fyrr, trampa andre no meg; og snart laag eg nedbròten og arm, og hadde ingen Ting att for all mi Møde. Daa sagde eg: sandeleg, det eg fyrr kasta fraa meg var Live.

Men det ein kasta fraa seg finn ein aldri att. Og liten Hugnad hev eg av min Rekneskap.


XVII.


Furten er ikkje Bror min. Rett som det er ser han her inn, og er som det aldri skulde ha falle eit Ord imillom oss.

Det skal vera Kristendom. Men eg tenkje med meg: han vart vel annleis mot meg, um han hadde Greide paa meg.