Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
34
XV.

Mange leitar no etter Gud; og sùme skriv og fortel, at no hev dei funne Gud. Eg les dette.

Men den eine kann ikkje hjelpa den andre i denne Sak. Og det gjeng for lett for dei. Og dei skriv for godt. Og skriv. Me trur so lite paa Ord. Og alt som blæs paa Lur hev me Uhug til. Bror min hev Rett; Gjerningar maa tala.

Men ikkje paa Gjerningar helder trur me. Bror min hev gjort Gjerningar. Men Folk gjeng og berre undrast paa kva som under kann liggja, og kva han med desse sine Gjerningar vil naa. Live sitt maatte den gjeva som me skulde tru; og ikkje daa heller trudde me, so sant det var Tanke um, at hans Offer kunde koma i Bladi.