Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Live maatte han gjeva, men so, at ingen visste det; ja han sjølv maatte kje vita, at han gjorde noko framifraa. I Løynd maatte han bløde, med Skjemt paa Tunge og Smil um Munn; og sitt Haar maatte han salva og sitt Andlit maatte han tvaa, so ingen saag at han blødde, men alle rengde Augo etter Galningen og sagde: den som kunde taka Verdi so lett.

Da vilde me, naar alt ein Dag kom upp, tru, at her var noko høgt i Verdi.

Bror min blés for mykje paa Lur. Difor trur eg han ikkje.

XVI.

Føra Bok yvi mit Liv skulde eg, og finna Lærdom og Lov og Samanheng.

Men um det er Sjukdom elder Alders Visdom: det meste kjem under Tap. Og Resten under Debet. Og