Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

han fekk endaa ein Gong høyra mi Hjartans Meining.

«Det er ikkje for det,» sagde han; «eg kann godt sitja i Kvernhusheidi. Men i Nott kom det for meg, at naar du er send heim paa denne Maaten, so maa det vera Meiningi, at eg skal faa koma til Haave att. Og naar eg fekk vera Dreng, var det ingen Vaagnad i det.»

Han lagde ut for meg, at det var Tenar ein skulde vera; at ein aldri var so fri som daa, at ein aldri kunde gjera so mykje godt som daa, og kva det no var alt. Løn vilde han ikkje hava, men «Mat og Klæde og ein fast Heim, og so mykje fritt som eg treng til mitt Arbeid for Fanten min.»

«Og til aa fara um aa halda Bønemøte kanskje?»

Han svara: «eg held ikkje Møte lenger.»

«Nei det er sant. Kor kann det ha seg, tru?»