Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

tids nok med aa agta sitt eige Liv. Og sidan hev han funne det best aa halda Munnen.»

Og ein av dei eldre lagde til noko som viste meg, at mine Ungdoms Synder ikkje helder var gløymde.

Sidan held eg meg burte fraa Bygdefolke. Men eg tenkte med meg: «her er ein sjuk Mann i sitt rette Lag; for her vil dei døy alle.»

XI.

Men Bror min gav meg mykje aa tenkja paa.

Han kom ein Dag fegen og fjaag og baud seg til, at um eg vilde kjøpa att Haave, Farsgarden vaar, so skulde han vera Dreng hjaa meg og driva Garden for meg. «For eg og lengtar heim att,» sagde han og smilte.

Eg saa paa han og svara: «det skulde du ha tenkt paa fyrr.» Og