Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

paa mi Heimetropp. For me braakar og balar og vil vinna Verdi, men er til sist glade at me hev denne vesle Flekken trygg.

Draumar, Voner, Elsk, Lyst, det var Vette-ljos, som dansa for meg og lokka meg lenger og lenger ut paa den vide Myr. So slokna dei eitt etter eitt. No sloknar eg sjølv, og ser, at eg sjølv var ein Draum og ein Lyktemann.

«Du er reint eismal du?» segjer Gravaren; han røder stundom med meg no.

«Som du paa Lag, Namne.»

«Ikkje Baan helder?»

«Dei er kje mine lenger.»

«Hm. Skal kje syta for det. So mange Baan ein hev, so mange Pinnar til Kista.»

Han segjer meg si Sorg. Seks Søner hadde han; all fór dei fraa han. So vart han huglaus og gav upp. Garden gjekk i Banken; no sit han