Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

gest; den skjelv no i min eigen Barm. Og eg veit, at den, som gjeng hans Veg, han hev havt sitt Helvite fyriaat.

Farvel, Far. Kvil i Fred, framleides og æveleg. Og tilgjev. For no er eg sjuk og aaleine som du.


VII.


Eg hev set meg ut ei Kraa paa Kyrkjegarden, attunder Pilegjerde, ein Stad der det er Kveldsol og Livd for Nordvesten. Og han Gunnar, Namnen min, Gravaren, lovar at eg skal faa liggja der.

Han er ein aldrande Mann; og han lever millom dei daude og talar ikkje. Men daa eg bad han um dette, saag han paa meg og sagde eit Ord. «Du er ein framtenkt Mann du,» sagde han. Eg svare: «det vert ikkje langt fram.»

I solvarme Middagsstunder sit eg i den Kraai, og det er som eg sat