Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

der aaleine i Husmannshytta og lever av aa grava ned Folk. Han kann ikkje gløyma Sønerne sine dette.

Eg fortèl honom mitt.

«Eg hadde berre tvo, eg, og dei var smaae. Det er ikkje sant at eg misste dei; for eg hev aldri aatt dei. Dei vaks upp i eit framandt Land og tala eit framandt Maal. Ja det var rart: aa hava Søner, som ikkje kunde sitt Farsmaal. Kvar Gong dei opna Munnen, høyrdest det for meg som dei fornegta Far sin og Farsfolke og alt mitt. Det er den tyngste Straff for dei, som gjer seg heimlause paa Jordi.»

«Men endaa saknar du Gutarne dine.»

«Endaa saknar eg Gutarne mine. Det er Voni du veit. Naar ein ikkje sjølv kom til aa leva, vil ein leva upp att i Baani.»

So sit me tvo Gamlingarne paa Gravbakken og klager vaar Naud for kvarandre, og finn som ei Trøyst i det.