Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/114

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
112
XLVIII.


Hugverken er ikkje burte. Inst inne kjasar han sitt gamle Kjav; og Bringa er tyngd og saar, og eg maa agta meg, at ikkje Angesten skal vakna.

Det er det at eg ikkje fær tala ut. Ofte vilde eg skrifta for Bror min. Men eg kunde ikkje. Det er sùmt eg skjemmest av. Og unemnd Synd er som ei Mare og ein hard Brystknute.

Det er ærlegt aa halda Bank. Og den andre var verre Blodsugar enn eg. Men Tunga stivnar, naar dei Minni kjem, og eg kann ikkje faa sagt det.

Ein kann ikkje skrifta for seg sjølv. Ein hev kje Mot til aa sjaa seg i Augo og segja heile Sanningi. Det er som ein Operation. Ein orkar ikkje