Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/115

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

aa vera aaleine med seg sjølv, naar ein skal leggja si Sjæl opi.

Ein anna skynar halvkvedne Visur, og gissar og ser hva ein meiner og vil hava fram, av Mæle og Minespel og Augnelag; og ein tarv ikkje segja dei siste pinefulle Ordi. Og han hev eit mildt Auga og eit lempande Ord, naar han ser at ein vert rædd; og han segjer Ting som ein sjølv ikkje kjem paa, og som kann letta og lindra. Og berre det at han sit roleg og held ut, og ikkje rømer som for noko stygt, er der Hjelp i.

Ein Dag naar eg er sterk vil eg tala med Sant Paal. Han hev fortalt meg sitt Liv; og englerein er han mot meg; men so mykje hev han røynt Verdi, at han kann skyna meg. Og han dømer ikkje strengt utan um seg sjølv.

Det vilde letta so godt. Og eg fekk sova betre um Næterne.