Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Stund. Sist var eg uppe for lengi, og daana burt der eg sat; etter det laag eg sengfast i mange Dagar.

Men Verken er linnare. Og Tokterne kjem sjeldnare. Og Hugen er meir roleg. Eg er vel for trøytt. Men stundom tenkjer eg det er Sant Paal, som driv det vonde burt med sine sterke Ord, og med Varmen av sitt gode Hjarta.

Lengi trudde eg det ikkje, men endaa er det sant: at Menneskje kann hjelpa Menneskje. Og ofte tenkjer eg med meg sjølv: han hev Lækjekraft, um han ikkje veit av det.

Kanskje dette er ei Vending i Sjukdomen min? Klarar eg Vaarknipa, so klarar eg Sumaren; og vert den god, klarar eg meir. Gjerne tok eg no nokre aar til, daa eg hev funne eit Menneskje som eg trur paa.