Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/112

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Tilgjeving. Men eg rette ut Handi og sagde: «deg tilgjev eg, Bror.»

Han tok Handi fast og varmt. «Takk, Bror,» sagde han; «du veit kje kor godt du gjorde imot meg no.» Eg saag, at han vart vaat i Augo.

Og sæle er me baae tvo, at me hev vorte forlikte.

XLVII.

Eg kann ikkje døma um hans Tru; men eg kjenner magti av hans Gjerningar

Og Von er der i den Tanken, at ein skal leva rett, og gjenom Liv finna Ljose. Daa er det ikkje lenger stengt. Fyrr skulde eg visst dette.

No er det for seint. Der er ikkje Magt i meg lenger. Med Helsott i Bringa byrjar ingen eit nytt Liv.

Eg vert veikare. Berre sume Dagar er eg uppe, og berre ei lita