Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/111

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

treng mi Hjelp. Gamle Foreldrar, sjuke Systken; han som ligg for mi Dør; han som eg finn hjelpelaus paa min Veg.»

Han lo. «Seinast skynar me det lettaste; sist finn me det nærmaste. Og fyrr me vil elska vaar Næste, vil me elska dei me aldri saag. Dei Kristne elskar Hottentottarne, og dei som vil vera betre enn dei Kristne elskar Framtidi; men Lasarus ligg der han ligg. Det er kje noko Stas med Lasarus. Og Lasarus hev fortent si Naud; me kjenner Lasarus. Men just det som ligg oss næst, og som der er minst Stas med, gjeld det um.»

Eg segjer: «dette er ein Kristendom for unge og sterke. Men kva Raad hev du for ein gamall Mann som skal døy?»

«Umvend deg, og du skal leva.»

«Kva godt kann eg gjera?»

«Du kann tilgjeva.»

Eg tenkte: kven bryr seg um mi