Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Vil du vinna Ros og legg deg ut etter Ros, vert du til Narr; men gjer du godt Verk og ikkje tenkjer paa Ros, veit du kje av fyrr Namne ditt gjeng med Lov gjenom alle Grender.

Den som vil vinna eit Kvende segjer ikkje til henne: du skal elska meg; han segjer: eg elskar deg. Og han legg seg ut um aa visa henne sin Kjærleik.

Slaa Pengar eller stela Pengar synest den beinaste Vegen til Rikdom, men er Vegen til aa missa alt.

Kvi Folk er so uglade? Dei gjeng og ventar si Glede fraa andre. Dei skulde gleda andre; so vart dei glade.

Me trur paa det som synest, og løyp Narr. Me vil upp i Himmelen fraa næraste Leite og vil gaa Snarvegar til Livsens gode Ting. Men den som gjev, vinn, og den som tek, misser.

Tena skal den som vil vera stor; men i Verdi vil alle vera Herrar og