Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

kvar hev sine Lìter og Former, alle gjenomtenkte med den finaste Kunst, og alle gjenomførde og fasthaldne so klaart og so strengt, liksom kvar Vokster hadde Teikningar aa gaa etter. Men endaa aldri tvo likt.

Ja, sjaa paa dette; og tenk deg inn i det Avgrunns Djup av Gaate, som opar seg berre i slik ein liten Blom. Og høyr etter, um denne Blomen ikkje skulde ha noko aa segja deg!»

XLI.

«Som Soli stend og Jordi gjeng, tvert imot det me ser, so er i høge og høgste Livsringar Sanningi motsett det som synest.

Eit Barn trur, at det naar Himmelen fraa næraste Leite. Den gamle veit at han maa gjenom Gravi fyrst.