Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vert Trælar. Og i denne Tidi vilde alle vera like og frie og vart alle like ufrie.

Og Live og alle gode Ting vart sette upp til eit Rov for dei sterkaste; difor gjekk denne Tidi upp i Blod og skal gaa ned i Eld. For Live er ikkje eit Rov for dei sterkaste; det er ei Løn for dei trugnaste.»

XLII.

Han segjer, at dei som ingen Gud hev skal halda seg til Verdi. Eg spør kva dei skal gjera som ingen Gud hev, og som er færdige med Verdi.

Han lær. «Dei fær samla Frimerke. Men,» legg han til, «ferdig med Verdi er ingen.»

Eg meiner at so gamall kann ein bli. Han svarar: «er du ferdig med Verdi, so er du ikkje gamall.