Hopp til innhold

Side:Garborg - Bondestudentar og Mannfolk.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

vera ute i Dag.“ — „Aa ja,“ meinte Ole Johannes; „men vil me ha Mat til eit anna Aar, so lyt me nok vera ute.“ — „Ja men ... kvi stend der daa slikt i Boki.. som det me las i Dag?“ stota Daniel; han stanga med Moldgreipi i Treskoen sin; det var fælt rart aa koma med slike Spursmaal. Ole Johannes vart reint forundra, ja mest rædd. Kor kunde Guten koma paa sovori? Endeleg sagde han, og slog paa Gampane til aa faa deim i Gang att: „soh! hypp! Der stend det i Boki, Far min, at ... soh! vil du goh! ... at den som ikkje vil arbeide, skal heller ikke æde; veit du ikkje det? Hypp! soh!“ — Gampane vreid seg seint og syrgjeleg fram i Selen att, strìta og sterta og kom endeleg i Veg, magtlause og arme som dei gjekk der og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes skeivla avstad etter Plogen og tenkte med seg: „jamenn er der Hovud paa Guten; han er mest for god til aa vera Bonde.“

Men Daniel stod etter motfallin og litin og undrast paa, at alltid skulde daa dei vaksne hava Rett. —

— Vaarvinna var endeleg slutt; no skulde det vera Skule ei 3—4 Vikur millom den og Slaatten. Ole Johannes lika ikkje denne Skulebolken midt paa Fyrisùmaren; for daa hadde dei Bruk for Smaagutane heime. Og det var ikkje fritt han slog paa, at det var best Daniel var heime av Skulen i Aar. Men daa vart Daniel reint utav det. Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han aa arbeide; der fekk han leike seg i Sundagsklæde saman med Felagar; og inne i Skulen greidde han seg, so at han lika seg der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk han til Mor si og sutra og bad for seg; og ho Mari laut daa som vanleg vaage Trøya for Guten sin. Og ho fekk fram det ho vilde; ho visste kva Kant ho skulde taka Gamlen fraa. „Du ser det er Hovud paa Guten,“ sagde ho; „og Hug til Boki hev han au; kven veit, jva det kann verta av han, dersom han fær Lærdom?“ — „Aa, han fær vel