Side:Garborg - Bondestudentar og Mannfolk.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

6 BONDESTUDENTAR halde seg til den Stand og Stilling, som Vaarherre hev sett han i,*" svara Ole Johannes tvert. Ja ja; men me hev no set so mangt av det Slage/ svara Maren. „Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe, som vart Prest! — Ja, me skal no ikkje tenkja so hegt, veit du; men det er daa ingin som veit noko.* — „Du snakkar som du hev Vit til,* meinte Ole Johannes. „Men naar Guten plent vil paa Skulen, so fser han vel gaa daa, veit eg!*" — Glad var Mari, og endaa gladare Daniel. Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det reins- legt og koselegt inne naar Skulen var paa Garden; og Skulemeistaren var snild ; han slog ikkje andre enn deim som gjorde Fantestykkje ; og det gjorde Daniel aldri. Og ikkje Judit heller. Det maatte vera gildt aa vera Skulemeistar. Her kunde han gaa inne all Dagen turr og varm, ja sundagsklsedd og fin, og vyrd som ein framifraa Mann av alle. God Mat fekk han au; og Skulen var daa ikkje stort anna enn ein Leik mot aa gaa og vabbe i Moldi. Daniel tenkte tidt med seg: den som kunde verte Skulemeistar! Paa Skulen fekk han ein Dag ei Utgreiding um Ar- beide som han lagde Merke til. Dei hadde i Forklaa- ringi um Syndefalle; og der viste det seg daa, at Ar- beide var komi av Syndi. Hadde ikkje Syndi vori, so hadde me vori frie Arbeide. Vel hadde Adam og Eva arbeidt paa ein Maate i Paradis au; det stod, at dei var sette i Edens Hage til aa dyrke og vakte den. Men fyri Syndefalle var Arbeide berre som ein Leik eller ei Moro; for daa var Natturi so godviljug mot Menneskje at Arbeide gjekk av seg sjelv, og gav dei rikaste Fruktir for mest inginting. Derimot etter Synde- falle hadde Natturi vorti so vrang og forvend, at ho berre gjorde Motstand mot Menneskje; Arbeide no var ein tung Trseldom i Sveiting og Strsev; og endaa gav Jordi so lite av seg, at det berre var so vidt me kunde llva. Dette totte Daniel han forstod. Arbeide var ei