Side:Garborg - Bondestudentar og Mannfolk.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

skulde syte for Mat og Klæde; Vaarherre vilde sjølv syte for alt slikt. Fødde ikkje Gud Sporven paa Take og Lilja paa Marki, endaa dei korkje saadde eller spann; og var ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte tilslutt um Enkja i Sarepta og um Enghønune i Øydemarki, og tala strenge Ord um den Vantrui som gjorde, at i Staden for aa slaa vaar Lit til Vaarherre so gjekk me og stræva og sytte for desse arme jordiske Ting, liksom det var me som kunde faa Grase til aa gro eller Korne til aa vekse.

Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar, lika baade Salma og Lesestykke; og ynskte berre at dei no vilde lìva etter det. Men daa Bøni var lesi, og Ole Johannes tok med seg baade han Lias — eldste Sonen — og han Reinert — Tenestguten — og Daniel ut i det surkalde Vêre paa Vaaraann-arbeide — hu! daa var det ikkje fritt for at Daniel totte dette var ein underleg Maate aa liva etter Guds Ord paa.

Det heldt paa med Blaastr og Smaaslut, so det var reint ufjelgt aa arbeide. Daniel tenkte paa si varme Seng, og paa Stogo der heime som Mor visst no hadde sopa og fengi varm, so der var koselegt aa vera. Hadde no berre desse vaksne havt Vit til aa tru paa det som stod med klaare og reine Ord i Boki! Vesle Daniel gjorde baade undrast og harma seg. Han sette seg fyre at han vilde spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk det var Moro aa gaa slik aa træle? Eller var det ikkje sant det som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange Spursmaal um dette, totte han. Men naar han skulde til, blygdest han; og det hadde so nær gjengi som det vanleg gjekk, naar han tenkte paa aa segja eller spyrja um noko: det hadde so nær ikkje vorti av. Men som Daniel stod der og skugra og fraus og var reint ille i Lag, stana Ole Johannes med Plogen like ved han; og ingin annan var paa Høyrslemaal. Daa skaut Guten Hjarta i Live, snudde Ryggen til Far sin, snugga seg og fraus og sagde: „her er ufyse aa