Side:Garborg - Bondestudentar og Mannfolk.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
T

HI ser I til, som aarle opstaa — Og sidde om Aftenen silde — Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro — Saa ville I gjøre eder rige: — med Kummer I æde det harmelig Brød, — Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’, — Naar de monne sødelig so—ove, — song dei inne hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald Maandags Morgo i April.

Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huse; for Ole Johannes var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje vakt; og alt um han stundom hadde freista paa aa umvende seg, so hadde han ikkje fengi dette til, totte han; so det laut vera til han vart gamall og fekk betre Stundir. Men han tenkte likevel at det var best aa halde seg til Guds Ord so mykje ein kunde; han heldt Bøn kvar Morgon, og i desse Bønnestundine maatte heile Huse vera med.

Fyrst song dei ein Salme; so las Ole Johannes Bøni i Salmeboki, og dessutan stundom eit Stykke i Skattkista; for Ole Johannes var god til aa lesa; sistpaa bad han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det var ikkje alltid at Salma av Kingo høvde til Stykke i Skattkista; men det gjorde det same; det var Guds Ord alt; og Guds Ord hadde ein alltid godt av aa høyre.

I Dag raaka det elles so til, at Salma og Teksti høvde godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje