Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/9

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
5

som var almegtig, ikkje liksogodt kunde gjeva oss Maten utan Arbeid. Kva vilde det kosta honom aa lata det rigna litt Manna, ja gjerna Velling og andre gode Ting med? — For aa arbeida var daa berre ei Plaga.

Vaarvinna var endeleg slutt, og so skulde det vera Skule ei 3—4 Vikur, millom den og Slaatten. Ole Johannes likad ikkje denne Skuleturen midt paa Fyresumaren, for just daa hadde dei Bruk for Smaagutarne til aa gjæta. Og det var ikkje fritt han slog paa, at i Aar var det best Daniel var heime av Skulen. Men daa vart Daniel reint utav det. Skulen var det gildaste han visste. Der slappt han aa arbeida; der fekk han leika seg i Sundagsklæde saman med mange Kammeratar; og inne i Skulen greidde han seg so vidt godt, at han kunde lika seg der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk han til Mor si og sutrad og bad for seg, og gamle Maren maatte daa som vanlegt vaaga Trøya for Guten sin. Og ho fekk fram det ho vilde; for ho visste, kva Kant ho skulde taka Gamlen fraa. »Du ser det er Hovud paa Guten«, sagde ho; »og Hug til Boki hev han og; kven veit, kva det kann verta av han, dersom han fær Lærdom?« — »Aa, han fær væl halda seg til den Stand og Stilling, som Vaarherre hev sett han i«, svarad Ole Johannes tvert. — »Aa ja; men me hev no set so mangt av det Slaget«, svarad Maren“. »Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe, som vart Prest! — Ja, me skal no ikkje tenkja so høgt; men det er daa ingen, som veit nokot«. — »Aa du snak-