Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
6

kar som du hev Vit til«, meinte Ole Johannes. »Men, naar Guten plent vil paa Skulen, so fær han væl gaa daa, veit eg!« — Glad var Maren, og endaa gladare Daniel.

Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det altid litt reinslegt og koselegt inne, naar Skulen var paa Garden, og Skulemeistaren var so snild, at han aldri slog andre enn dei, som gjorde Fantestykkje, og det gjorde Daniel aldri. Og ikkje Judith helder. Det maatte vera gildt aa vera Skulemeistar. Her kunde han gaa inne all Dagen turr og varm, ja sundagsklæd og fin, og vyrd som ein framifraa Mann av alle; god Mat fekk han, og Skulen var daa ikkje stort annat enn ein Leik mot aa gaa og vabba i Moldi. Daniel tenkte titt med seg: den, som kunde verta Skulemeistar.

Paa Skulen fekk han ein Dag ei Forklaring um Arbeidet, som han lagde Merke til. Dei hadde i Forklaringi um Syndefallet, og der viste det seg daa, at Arbeidet var komet av Syndi. Hadde ikkje Syndi voret, so hadde me voret frie Arbeidet. Væl hadde Adam og Eva arbeidt paa ein Maate i Paradis og; det stod, at dei var sette i Edens Hage til aa dyrka og vakta den. Men fyre Syndefallet var Arbeidet berre som ein Leik elder ei Moro; for daa var Naturen so godviljug mot Mennesket, at Arbeidet gjekk av seg sjølv og gav dei rikaste Frukter for mest ingenting. Derimot etter Syndefallet hadde Naturen vortet so vrang og forvend, at han berre gjorde Motstand mot Mennesket, so Arbeidet no var ein tung