Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Trældom i Stræv og Sveitte, og endaa gav Jordi so lite av seg, at det berre var so vidt me kunde liva. Dette totte Daniel han forstod. Arbeidet var ei Straff! Det var, som naar dei sette vonde Folk paa Tugthuset. Aa den Skarven, den Adam, som berre for eit einaste Eple hadde ført all denne Trældomen yver oss, og det han, som hadde Hagen full av Eple og Kirsebær, som han kunde eta av so mukje han vilde!

Men, heldt Læraren fram, maatte ein ikkje segja, at Gud var streng, naar han straffad oss paa denne Maaten? Var det ikkje stygt av Gud aa leggja so hard ei Tyngsla paa oss? Daniel visste, at det gjekk ikkje an aa segja, at Gud gjorde nokot, som var stygt, og difyr svarad han hugheilt Nei, endaa han i Grunnen undrast paa, korleis Læraren vilde klara den Saki. Men det viste seg, at Læreren her som hellest visste, korleis Saki skulde klarast. Nei, sagde Læraren, det var ikkje stygt av Gud. Tvertimot! For etter Syndefallet trong me um aa arbeida i Slit og Stræv, daa Syndi hellest vilde faa altfor stor Magt med oss. Der var eit gamalt Ord, som sagde, at Lediggang var Satans Hovudgjerd, og var ikkje det sant? - Jau. - Jau, det var sannt. Hadde me ikkje denne Trældomen, so vilde Djevelen fylla oss upp med vonde Tankar og freista oss so hardt til alt, som vondt var, at det ville ikkje verta livande for oss paa Jordi. Læraren fekk tilslutt ut, at endaa Arbeidet i Grunnen var ei Straff, so var det likevæl ei Vælsigning. Daniel,