Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

stakkar, kjende seg reint liten under all denne Visdomen og fekk paanytt ei sterk Kjenning av, at det nok ikkje nyttad for Smaafolk aa vilja gjera seg Tankar un nokon Ting.

So laut ein daa finna seg i aa tru, at Arbeidet var ein Ting, som det ikkje leet seg gjera aa faa ut or Verdi. Og han vart mest rædd seg sjølv, som hadde slik Hug til Lediggang; for daa maatte det verta lett for den Vonde aa faa han i si Magt. Men fyrr han visste av det, fekk han Trøyst mot denne Suti. For no utviklad Læraren, at det ikkje aaleine Arbeidet med Henderne, som ein kunde kalla Arbeid; langtifraa! »Trur f. Eks. du Daniel, at Presten ikkje arbeider?« No hadde Daniel i Grunnen trutt dette; men han forstod, at her skulde svarast Nei, og so svarad han Nei. »Nei«, sagde Læraren, det maatte ein ikkje innbilla seg. Presten og Futen og Skrivaren og Amtmannen, dei arbeidde i Røyndi likso mykje som me, og stundom meir; og »kva trur de er tyngst, anten aa arbeida med Henderne elder med Hovudet?« Der var fleire som tok imist her og svarad, som dei meinte, at det var tyngst aa arbeida med Henderne. Men Daniel forstod, at det ikkje var dette Svaret, Læraren vilde hava, og so svarad han høgt og trygt: »d'er tyngst aa arbeida med Hovudet«. Og Læraren gav Daniel Rett og gjorde litt Narr av dei andre, som kunde svara so tankelaust. Dei skulde prøva aa arbeida med Hovudet slik som Presten, dei, so skulde dei taa kjenna. Naar ein skulde sitja baade Nott og Dag og lesa i