Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

djupe Bøker og studera framandre Maal, ja lesa sjølve Bibelen i Grunnteksten, so kunde ein nok faa Sveitten ut, meinte han, og dessutan leitte dette Arbeidet so mykje meir paa Helse. Aa staa paa Laaven ein Dag, det var ingen Ting mot aa læra ei Leksa i eit framandt Maal f. Eks.; - Læraren sagde dette med Sjølvkjensla, av di det var aalkjent at han eingong hadde gjenget hjaa Kapellanen og leset Tysk.

Denne Utgreidingi var som sagt Daniel til stor Trøyst. Han kunde altso godt tenkja paa aa verta baade Skulemeistar og Prest for den skuld; Djevelen fekk ikkje meir Magt med han for det; tvertimot - naturlegvis.

No forstod Daniel dette um Arbeidet. Det var Arbeidet med Henderne, som var paalagt til Straff, for det gav Tvang og Trældom og Armod: men Stormannsarbeidet, som var fint og høgt ogg gav Æra og Vinning og gode Dagar, var ikkje paalagt til Straff. Og daa han so sidan ein Gong i Kyrkja fekk høyra att det Salmeverset um, at "Gud giver sine baade Klæder og Føde, naar de monne sødelig so-ove", so forstod han med ein Gong, at det var Prestarne og dei høge, som Gud heldt serskilt for "sine", og som han gav Mat og Klæde, medan dei laag og sov. Dette var den største og vidaste Tanken, Daniel endaa hadde havt, og han fekk etter den Dag eit sterkt Ynskje um, at han ikkje vilde verta ein av desse Syndararne, som Gud maatte aga med Trældom og Slit, men at han vilde verta ein av Guds "eigne", som las Bibelen i Grunnteksten og sat reine og fine