Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

i ei varm Stova og aat Herremannskost og drakk Vin. - Og iallfall vilde han verta Skulemeistar.

- Ætti paa Sørbraut var ikkje gamall; dei mintest ikkje lenger upp enn til Farfar hans Ole Johannes. Men det skulde nok ha voret ein litt rar Kar. Han hadde voret ute i Kongens Tenest, sagde dei, og daa han kom heim att, var han so klok, at han laag alle sine Dagar sidan og arbeidde med ein Maskin, som skulde kunna gaa av seg sjølv. Han fekk ikkje denne Maskinen til; men det var utrulegt for alle dei Greiur og Gongverk, som han fann paa og sette ihop. Son hans heitte Dagfin; det var endaa honom, Daniel var uppkallad etter. Um gamle Dagfinn Sørbraut fortalde dei, at han var slik ein Skattegravar; han hadde rotat upp alle dei Haugar som fanst paa Garden, men hadde ikkje funnet annat enn nokot gamalt Jarnskrap; paa Garden brydde han seg ikkje um aa leggja nokot Arbeid. So kom Ole-Johannes; han hadde voret Skulemeistar i sin Ungdom og galdt for ein klok Mann; men hellest foor han so stillt gjennom Verdi og gjorde so lite Braak, at Folk mest ikkje hugsad paa, at han var til. Men ein Arbeidar var han so trugjen som ein Træl, og dei sagde han hadde arbeidt seg sovidt upp no, at han mest var skuldfri paa Garden. Han hadde tri Søner. Den eldste han Elias - elder "Lias", som han heitte til Kvardags -, var ein tung Slamp, men ein Arbeidstræl liksom Fa'ren; den andre, han Jeremias, hadde faret til Sjøs og vedkjem ikkje denne Soga; etter Jeremias kom ei Dotter, Naomi, som