"hadde voret saa sæl ho hadde fengje døytt", og so kom Daniel, som "var den klokaste i heile Huset". Det var ikkje nok med, at han kunde lesa, slik som Far hans, og skriva og rekna med; men "han var so brennande god til aa svara or Grunnen"; - "det var som han kunde vera Son aat Presten". Men Arbeidshug hadde han ikkje; "han kunde visst ha best Hug til aa vera Skattegravar, liksom den han heitte etter." -
Men Daniel hadde større Draumar enn so.
Det gildaste og gjævaste som fanst etter hans Meining, det var dette store straalande - Taarn, liksom - av Magt og Glans, som bygde upp i Landet fraa Lensmann og Skulemeistar gjennom Prest og Fut og Skrivar og Amtmann høgre og høgre, meir og meir glinsande, like upp til Kongen, som stod øvst paa Toppen og var klædd i berre Gull. Dei, som høyrde med i dette Taarnverket, var store og megtige og fine og kloke; men dei, som ikkje fekk vera med der, var liksom Israels Born i Ægypten, daa dei gjekk og reidde Leir for Kong Farao. Berra aa faa sjaa desse Kongens Tenarar i deira fulle Glans totte Daniel var ei Høgtid. Som dei steig fram for den glaapande Bondemugen i sine herrelege Klædningar, strake og høge, med glinsande blanke Styvlar, med snøkvite Kragar um Hals og Hender, med blanke Brillur yver morske Andlit og med Gullkjede og Gullringar baade her og der, syntest dei for Daniel som nokot himmelsk og forunderlegt, som han aldri kunde stira seg mett paa. Og so audmjuke som Bønderne