Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

stod, so snart desse Stormenn viste seg, og so som endaa den gildaste Bonden vart bøygd og liten, berre han skulde tala med ein av deira Kontorgutar! Det var Karar som hadde Magt. Og slik som dei talad. Det var som aa høyra Guds Ord sjølv. Det var ikkje dette tunge, seine Maalet, som Bønderne gjekk og brækad i, og som dei skjemdest yver sjølve, so dei knotad, naar dei skulde tala med betre Folk; nei, det var eit Englemaal, eit Høgtidsmaal, som Ein kunde kjenna seg reint uppbygd av aa høyra. - Og so var dei so lærde og kloke. Naar dei talad til ein, so galdt det berre um at vera gløgg til aa forstaa og snøgg til aa samtykkja. Dei lakad det, desse store, naar Folk forstod dei strakst, og sagde ja med det same; for so slapp dei aa segja det uppatt. Og um ein kanskje hadde ei onnor Mening, so maatte ein aldri vera so styven, at ein kom fram med den, so dei høyrde det; nei mot Kongens Tenarar galdt det aa fara fint fram; for dei bar nok ikkje Sverdet forgjæves, som der stod i Katekisma. Det var nokot med det fyrste, ein klok Mann lærde Son sin, det, at han aldri maatte motsegja ein Storkar. - Og enn slik som det var aa koma inn til desse Folk! Daniel hadde voret med Far sin inn paa Prestegaarden eitpar Gonger,, so han visste det. Der var so reint og fint, at ein maatte tru dei vaskad Golvet kvar Dag; og Stolar og Bord var gjorde av Tre, som blenkte, og der var Blomar i Vindaugo, fagre som i Paradis, og Gardin so lette og kvite som Kveldskyer paa Himmelen, og paa Veggen var der Bilæte, som var so