Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/8

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
4

hadde so nær ikkje vortet av. Men eingong, som Daniel stod der og skugrad og fraus og var reint ille i Lag, stansad Ole Johannes med Plogen like ved han, og ingen annan var so nære, at han kunde høyra. Daa skaut Guten Hjartat i Livet, snudde Ryggen til Far sin, snuggad seg og fraus og sagde: »Her er ufyse aa vera ute i Dag!» — »Aa ja«, meinte Ole Johannes; »men vil me ha Mat til eit annat Aar, so lyt me nok vera ute«. — »Ja men … kvi stend der daa slikt i Boki … som det me las i Dag?« stotad Daniel og stangad med Moldgreipi i Treskoen sin; for det var no so rart aa koma med slike Spursmaal. Ole Johannes vart reint forundrad, ja mest rædd: Kor kunde Guten koma paa slikt? Endeleg sagde han, og slog paa Gamparne for aa faa dei i Gang att —: »Soh! hypp! Der stend det i Boki, Far min, at … soh! vil du goh! … at den som ikkje vil arbeida, skal heller ikke æde; veit du ikkje det? Hypp! soh !« — Gamparne vreid seg seint og syrgjeleg fram i Selen att, stritad og stertad og kom endeleg i Veg, magtlause og arme som dei gjekk der og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes skjeivlad avstad etter Plogen og tenkte med seg: »Jamen er der Hovud paa Guten; han er mest for god til aa vera Bonde«. —

Men Daniel stod etter motfallen og liten og undrast paa, at altid skulde daa dei vaksne hava Rett.

Hug til aa arbeida fekk han ikkje med dette. Han kunde sant aa segja ikkje skyna, kvi Gud,