Sarepta og um Vagtlarne i Øydemarki og talad strenge Ord um den Vantrui som gjorde, at istadenfor aa slaa vaar Lit til Vaarherre, so gjekk me og strævad og sytte for desse arme jordiske Ting, liksom det var me, som kunde faa Graset til aa gro elder Kornet til aa veksa.
Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar, likad baade Salma og Lesestykket, og ynskte berre, at dei no vilde liva etter det. Men daa Bøni var slutt, og Ole Johannes tok med seg baade han Lias — eldste Sonen — og han Reinert — Tenestguten — og Daniel uti det surkalde Veret for aa taka aat med Vaaraanna — hu! daa var det ikkje fritt for, at Daniel totte dette var ein underleg Maate aa liva etter Guds Ord paa.
Dagen heldt paa og var Sur med Blaastr og Smaaslut, so det var reint ufjelgt aa arbeida. Daniel tenkte paa si varme Seng og paa Stova der heime, som Mor visst no hadde sopat og fenget varm, so der var koselegt aa vera. Hadde no berre desse vaksne havt Vit til aa tru paa det, som stod med klaare og reine Ord i Boki! Vesle Daniel gjorde baade undrast og harmad seg. Han sette seg fyre, at han vilde spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk, det var Moro aa gaa slik og træla? Elder var det ikkje sannt, det som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange Spursmaal i denne Saki, totte han. Men naar han for Aalvor skulde til, blygdest han, og det hadde so nær gjenget i Dag som det vanleg gjekk, naar han tenkte paa aa segja elder spyrja um nokot —: det