Side:Fyregangsmannen.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

honom som Frelsar. Daa no Johannes vardt kastad i Fengslet, so var han glad og frihugad, av di han visste, at no skulde Guds Son byrja, der han slapp og stiga fram i all sin Byrdnad. Og korleides gjekk daa Guds Son fram? Jau som ein fatig Stakkar, som inkje aatte det, han kunde stydja Hovudet til, som ein Vin av Toldarar og Syndarar, som inkje skydde dei sjuke og verkbrotne og spitelske, som ein Mann med Handi lyft mot Farisæar og alt Slag skinheilage, men med Famnen open fyre alle, som kom til honom med angrande Hjarta. Han preikad mot alle deim, som trudde at gjera seg sæle ved ytre Fasta og Bot og so og so mange Bøner og med at gjeva Olmosor til dei Fatige, og han kærte, at det inkje galdt Logi etter Bokstaven men etter Anden, at Kjærleike gjev Logi Fullnad.

Sjaa detta var inkje etter Johannes sin Hug, og so sat han daa der i den myrke Fangastova og grundad og grundad, og fyrr han visste Ordet, sat han innspunnen i Tankar som Kongla i Beven og kunde korkje sleppa att elder fram. Kannhenda var det ein Draum elder Synkverving detta, han hadde høyrt og set, kannhenda hadde han teket i Mist av seg sjølv, han var inkje Fyregangsmannen, og denne var inkje Messias; kannhenda var denne, han høyrde um, Fyregangsmannen, og at det skulde koma ein annan Messias. Men Duva han hadde set, Røysti han hadde høyrt — nei det laut vera denne likavel. Aa — kvar som heve voret andleg sjuk, som heve voret freistat og heve stridt, han veit, korleides eine Tanken kann taka hin, so ein sidstpaa inkje veit, kvart