Side:Fyregangsmannen.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Johannes, han som hadde vitnat, at Kristus var Guds Son, han som hadde peikat paa honom og sagt: „sjaa det Guds Lamb!“ han spyr no, um det er sant detta, som han sjølv hadde vitnat. Han som hadde set Himmelen open og Guds Ande som ei Duva fara ned yver honom, og som hadde høyrt Røysti fraa Himmelen: „denne er min kjære Son, som er meg tekkeleg,“[1] han spyr no, um det var sant detta, som han haddet set og høyrt. Detta er fulla merkelegt! Og Orsaki til dette undarlege Spursmaalet, det var, stod her, at han høyrde um Kristi Gjerningar. Korleides skal me no finna Grunn i detta? Trudde Johannes elder trudde han inkje? Hadde han trutt fullt og fast, so turvte han inkje senda Bod, og det var han, som spurde og inkje nokon annan. Johannes trudde soleides inkje, elder rettare, han kunde inkje sjaa klaart lenger, han visste det, og han visste det inkje. Han kunde inkje rima i Hop detta, som han høyrde um Kristus, med det, som han hadde tnekt seg, han skulde gjera. Det var Kristi Gjerningar, som var komne imillom. Johannes Døypar var ein Jøde av rette Slaget, som fylde Mose Log til den minste Bokstaven, og so tenkte vel han soleides, som flestalle av Jødarne tenkte, at den Messias, som skulde koma, vilde og vera ein Jøde av rette Slaget, fylla Mose Log etter Bokstaven, liva strengt og treda fram med Storvyrde, som det sømde seg Jødakongen. I den Trui var det, Johannes hadde døypt honom, og i den Trui var det, han hadde peikat paa

  1. Math. 3, 17.