Side:Fyregangsmannen.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein skal snu seg, og han vil og kunna skyna Johannes, som sit sjuk i det myrke Fangaholet sitt og strider med Tvilen. So kom Læresveinarne hans til og øste honom upp, av di det gjerna vilde gjera sin Herre og Meistr til øvste Mannen, og so stod inkje Johannes i det lenger men sender Bod til Jesus og spyr: „er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan?“ Men nettupp detta, at han sender Bod til Jesus, det synest segja, at han aldri rett heve trutt paa, at Jesus inkje var Messias, for var han inkje Messias, so var han ein Lygnar, og til ein Lygnar vilde visst inkje Johannes senda Bod. Det er soleides eit Rop um Hjelp til honom, som kunde hjelpa, eit Rop fraa eit Hjarta, som er uppetet av Tvil, lik Mannen, som ropar: „Herre eg trur, hjelp mi Vantru!“[1] „Eg veit du er Messias, Guds Son,“ meiner Johannes, „men eg veit det inkje rett, for korleides kann ein Messias fara soleides aat, som dei segja, du gjerer. Difyre seg berre eit Ord, eit visst Ord, at du er det, so vil eg tru.“

Svarar no Jesus dette visse Ord? Nei. Han segjer berre: „gange burt og kunngjere Johannes det, som de høyra og sjaa: blinde sjaa, og halte ganga; spitelske verda reinskade, og dauve høyra; daude standa upp, og fatige faa høyra Evangelium. Og sæl er den, som inkje støyter seg paa meg.“ Kvat meinte Jesus med dette Svaret? Jau han vilde gjera Johannes skamfull, og so vilde han, at Johannes skulde faa friare og reinare Syn paa, korleides ein sann Messias skulde vera,

  1. Marc. 9, 24.