Side:Fyregangsmannen.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Skil millom Johannes og oss er, at han høyrde til det gamle Sambandet millom Gud og Jødafolket fyre Kristus, men me høyra til det nye Sambandet millom Gud og Kristefolket etter Kristus. Johannes hadde det i so Maate betre, enn dei gamle Profetarne, at han kunde peika paa Kristus og segja: no er han komen! men han fekk inkje sjaa Kristus lida Soningsdauden fyre oss, han fekk inkje smaka Velsigningi fraa Daupen og Nattverden hans, soleides som me no gjera det. Difyre er me større. Me kann slaa upp i Bibelboki og lesa um, at Jesus Kristus, vaar Frelsar, er daaen fyre oss og heve krossfest Skuldbrevet vaart, der han sjølv vardt krossfest, me kann bera Smaaborni vaare burt aat Døypefatet og kristna deim i den trifalde Guds Namn, so dei fyllast av den Heilage-Ande, me kann bøygja Knei vaare ved Nattverdbordet, og njota Guds Likam og Blod under Braud og Vin, til at styrkjast i all andleg Strid og Møda. All denne uendlege Rikdom av Naade og Velsigning kunde inkje Johannes faa, av di Kristus fyrst laut lida Soningsdauden, fyrr Daupen og Nattverden kunde vera det dei no er, daa dei baade to er grunnlagde paa Jesu Offerdaude. Kristus mæler soleides inkje Storleiken hjaa ein Mann etter den Givnad, han heve, etter det Modet, elder den Viljestyrken, som han syner i Livet. Kor ulikt er inkje dette Maalet fraa Verdi sitt Maal. I Verdi gjeld ein fyre Storkar, naar ein kann kara seg fram til Magt og Æra; men i Himmeriket er der korkje Snakk um eigen Styrke elder eigi Verdskyld, men den verd størst, som kann gjera seg so liten,