Side:Fyregangsmannen.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

so andleg fatig, so tom fyre all verdsleg Hug som mogelegt, for nett i det tome Kjeraldet er det, Gud kann fylla dess meir.

Just detta, at Himmeriket slett inkje kjærer seg um verdsleg Klokskap og Visdom og Starv, men segjer reint ut, at det duger inkje som Lykel til Himmeldyri, nett detta gjerer Kristendomen til Forarging fyre so mange. Mannen vil so gjerna bjoda fram nokot av sitt eiget, vil so gjerna vera med i Guds Verk til Sæla hans, so myket han kunde faa litetvetta Verdskyld han og, men Gud — nei han er ein streng Herre soleides, han vil hava Æra fyre seg sjølv, han vil, at Mannen skal ganga ved, at han er vorden bergad „utan nokor hans Verdskyld, men eine og aaleine av Guds faderlege Godvilje og Miskunn.“ Gud mæler Storleiken hjaa ein Mann etter Velsigningi, han gjev og kann gjeva. Sjaa no dei gamle Profetarne, dei var store, av di Gud fylde og kunde fylla deim med Spaadomsande um honom, som skulde koma; Johannes var større, av di Gud fylde og kunde fylla honom med Vissa um honom, som var komen, og me i Himmeriket paa Jordi, i den kristne Kyrkja, me er dei største, av di Gud fyller oss og kann fylla oss med sine himmelske Gaavor fraa Ord og Sakramente. Kor takksame maa me daa inkje vera, at me er fødde og uppalne i dette nye Sambandet, som gjerer oss større enn Johannes, men for eit Andsvar ligg det inkje ogso i detta til at nytta Herrens Gaavor flittelega og rettelega. Og so er det ein Ting, som ein vel maa gjeva Gaum etter. Her stend, at den minste