Side:Fyregangsmannen.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

endaa tvihugad og hard, so skal han peika paa Gjerningarne sine, so som han gjorde med Johannes og segja: „kven annan enn Guds Son kann gjera slike Gjerningar.“ Aa Gud er langtolug mot oss, han slepper oss inkje so snart, berre er Gneiste av Von atter, so held han oss; „han skal inkje brjota sund ei krasad Røyr og inkje slekkja ein rjukande Veik.“[1] Og i Bøni er det me skal ganga til honom og spyrja honom. Bøni er Bodberar millom Himmel og Jord, og denne Bodberaren han tarv inkje lang Tid til at gjera seg i Vegen, men han gjeng, kvat Tid du vil, og flyg fram likso fljott, som du tenkjer. Og han finn Vegen, anten det so er myrkt elder ljost, og han kann bera Fred til deg baade ved Dag og ved Natt. Og um du bøygjer Kne som ein sann, audmjuk Kristen, gjeng ved, at du er ein Syndar, som inkje fortener Guds Naade og bed, at du inkje maa falla som Johannes, so skal Jesus Kristus reisa deg og lata denne Bodberaren kviskra deg eit Ord i Øyrat, som vil fylla deg med stor Gleda: ottast inkje! „den minste i Himmeriket er større enn han.“ Merkelege Ord! det er nokon, som er større enn han, som alt til Kristus kom var den største paa Jordi, og denne, som er endaa større, det er inkje nokon Greive elder nokon Konge, men det er du og eg, det kan vera den ringaste Fatigmannen, soframt me kann segja med Sanning, at me høyra til Himmeriket. Korleides er det mogelegt detta? men det er Kristus sjølv, som segjer det, so maa det fulla vera mogelegt og vera visst. Jau, det store

  1. Math. 12, 20.