Side:Fylgjesvennen.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

verda mistytt soleides, at me skal leita etter Trengslor, skapa oss Trengslor, der dei inkje finnast, liksom Munkarne i gamle Dagar, som drog ut i Øydemarki og slo seg med Svipor og plaagad seg paa alle Maatar. Nei Trengslorna koma nog av seg sjølv, det gjeld berre um at taka rett imot deim. Og me kann vera gode Kristne, um me inkje kvar Dag hava Trengslor. Det hadde Stefanus helder inkje. Og sjaa paa Job, fyrr han vardt slegen! Daa kallar Gud honom ein god, gudfrygtig Mann, og likavel var han baade rik og glad og livde berre Fagnadagar. Og um me enn kann segja, at vaar Herre Jesus Kristus, daa han gjekk hernede paa Jordi, hadde Trengslor kvar Dag, og at me skal vera hans Fylgjesveinar, so lyt me og hugsa paa, at det er uendleg Skil paa honom og paa oss. Han var Guds Son, og me er Mannaborn, han bar Syndabyrdi fyre all Verdi, og me er frie fyre Syndabyrdi i Trui paa honom. Dessutan kann du inkje vita, kvat Dag Trengsla kjem, daa Livet er langt. Det kann og finnast dei, som slett inkje faa ytre Trengsla, nettupp fyre di dei lengta so saart etter henne. So vil Gud røyna deim, um dei kann vera true utan Trengsla. Aalment verd det likavel, at ein lyt lida her i Verdi fyre Jesu Namns Skuld; men ein lyt agta seg fyre at setja detta upp som ein Læresetning paa den Maaten, at ein dømer andre, som inkje just hava Trengsla, til at vera laake Kristne elder slett inkje at høyra Jesus til. Men dei som lida, skal hava den Trøyst med seeg, at dei er paa same Vegen, som Kristus var, at dei er sanne Fylgjesveinar som Ste-