Side:Fylgjesvennen.djvu/17

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


draup paa Jordi. — Du møter Spott og Haad, lyt tola Slengjeord og torer inkje gjengjelda, — han endaa meir. Han, ſom var Guds Son, laut tola Mistak og Vantru av Vinerne ſine, Spott og Reiſing av Uvinerne. Han ſom, kvat Tid han vilde, kunde ropa Herar av Englar til Hjelp, han laut lata ſeg ſlaa og hudflengja og kroſsfeſta av veſalt Mannakrek, ſom han var komen til at frelſa. — Du er arm og fatig ſom Himmelens Fugl, han var endaa fatigare. Han, ſom aatte all Verdi, ſom alle Ting er ſkapte ved, han hadde inkje det, ſom han kunde ſtydja Hovudet til.[1] Du lyt hata Fader din og Moder di elder Syſter og Broder — han laut endaa meir. Han laut kaſta ut den Branden, ſom ſkulde kveikja paa denne Eld av Hat i Verdi. Han ſegjer: „de ſkulo inkje meina, at eg er komen til at ſenda Fred paa Jordi; inkje er eg komen til at ſenda Fred men Sverd. Di at komen er eg til at ſetja Mannen upp mot Fader ſin og Dotteri mot Moder ſi og Brudri mot Bermoder ſi, og Uviner av Mannen ſkal Huslyden hans vera.“[2] Fyrr hava alle livt i ſyndug Trygd, no er han komen, ſom kallar alle til ſeg, og dei ſom koma, maa ſoleides riva ſeg lauſe fraa den ſynduge Verdi, endaa til fraa ſine nærmaſte, naar desve er ſynduge. Tenk at maatte ſegja detta og det berra av Kjærleike, for ei Trengſla maa inkje det hava voret! Ja kjære Viner, det er umogelegt at ſjaa Botn i Jeſu Trengſlor fyre vaar Skuld, ſkulde daa inkje me den Stundi, me bu hernede, lida med Tolmøde. No maa inkje detta

  1. Mt. 8, 20.
  2. Mt. 10, 34 fg.