Side:Fylgjesvennen.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

at sjaa ugudelege Folk trivast og hava det godt og vel, og du endaa inkje heve Lov til at syta men skal takka — ja daa er det vel Trengsla!

Og naar du ser Borni elder Foreldri dine, elder kven du no kann hava kjærast, vanvyrda jesu Namn, liva reint gudlaust, ganga rake Vegen til Helvite — for ei Trengsla!

Naar du lyt „hata Fader og Moder,“ av di du vil vera ein rett Jesu Fylgjesvein, naar du lyt riva Kjøt og Blod ut or deg sjølv og banna, der du ynskte signa — ja vel er det Trengsla!

Men trøysta deg, trøysta deg, du stend inkje eismall paa denne tronge Vegen. Det finst dei, som er gjegne i Fyrevegen, og det skal finnast dei, som koma etter. Sjaa paa Stefanus og dei mage tusund, som med honom er steinade, brende, pinte til Daudes — kven heve lidet som dei? Og likavel syta dei inkje, likavel graate dei inkje, men „deira Andlit er som eit Engels-Andlit.“[1] Og dei ropa hugheile til deg: „kom, kom, ræddest inkje fyre deim, som Likamen døyda men kunna inkje døyda Saali; men ræddest helder fyre deim, som kunna tyna baade Saal og Likam i Helvite.“[2]

Og sjaa paa den endaa større, Jesus Kristus. Alle dine Trengslor, kor store dei so kann vera, er som eit Fjom at rekna mot deim, som han leid. Du er freistad, han var meir freistad. Han stridde med Djevelen sjølv, han laag og sukkad og bad i Hagen Getsemane, so Sveitten hans var lik Blodsdropar, som

  1. Ao. Gj. 6, 15.
  2. Mt. 10, 28.