Side:Fylgjesvennen.djvu/15

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


inkje her nettupp det at vera ſjuk, at miſta Gods elder Born elder Kona, endaa det er hardt nog detta; men det finſt andre Trengſlor, ſom er langt verre, og det er andlege Freiſtingar og andleg Strid. Naar det ſtundom kjem ſmjugande ein Tvil i Hjartat, um du no og i Røyndi vil verda ſæl, naar du ſkjelv fyre Guds Andlit i Anger og Rædſla og berre for Myrkr kringum, naar du lyt ſtynja med den heilage Songaren: „Frels meg Gud, for Vatn gjeng alt til Saali. Eg er ſigen i djupt Dy, og det finſt inkje Fotefeſte, eg er komen i djupt Vatn, og ein Straum bryt yver meg. Eg heve ropat meg trøytt, Barken min er haas; Augo mine ero upptærde, medan og ventar paa min Gud,“[1] — ja daa er det vel Trengſla.

Og naar du kjem full av glad Tillit og vedkjenner deg det dyre Jeſu Namn, og ſo berre møter Laatt og Spott, naar Folk kalla det fyre Daarſkap at tru ſlikt nokot, naar dei inkje vil gjera Lag med deg, av di du er ein rett Jeſu Fylgeſvein, og du tapar baade Æra og Gods med at vera trufaſt — jaa daa er det vel og Trengſla.

Og naar du verd ribbat ſo naken ſo naken baade paa Sall og Kropp, ſom Job vardt det, daa han miſte alt han aatte, laag i Verk og Saar og korkje fekk Trøyſt hjaa Viner elder Viv, ſo han laut ſegja: „naken kom eg or Moderliv, og naken ſkal eg atter fara dit,“[2] naar detta hender deg, alt det du heve trutt og bedet ſo hjartalegt all di Tid, og du ſo attpaa er nøydd til

  1. Salm. 69, 2. 3. 4.
  2. Job. 1, 21.