Side:Fylgjesvennen.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fanus og dei andre, at dei er millom deim, som taka upp Krossen og fylgja honom. Me veit fulla, at desse Trengslor ein Gong skal taka Ende, daa naar me skal ganga heim til dei høge Bustader, der me er ættade fraa, daa naar me som Stefanus skal sjaa Himlarne opne og Menneskje-Sonen standande attmed høgre Handi til Gud, og vaar Herre Jesus Kristus skal turka Taara av alle Augo, daa naar me skal liva i den fælaste Glæda i all Æva. Kvat er so Trengslorna paa Jordi at rekna mot den Æreglans, som skal verda openberr paa oss. Og tenk, tenkj kjære Viner, um me skulde koma til at byta faafeng Gleda hernede med evenlege Trengslor, med evenleg Usæla i Lag med Djevelen og Englarne hans! Nei lat oss siga i Kne, og midt i Sorger og Trengslor beda som Stefanus: „Herre tak imot Anden min!“ so skal det og verda sagt um oss, som det segjest um honom, at me somna ut or Verdi, og so skal me og vakna i Armarne paa Frelsaren vaar og aldri lida meir.

Og no, kristne Viner, er endaa eit Spursmaal atter, og det er: er me slike Jesu Vitne? slike Jesu Fylgjesveinar? Elder er me meir like dei vantrue Jødarne, som Dagsens Evangelium talar um, som ihelslaa, hudflengja, krossfesta dei Profetar og Vismenner og Skrivtkloke, som han sender til deim? Eg veit det inkje, kvar lyt svara fyre seg, men at desse Ordi raaka mang ein i Menigheiti, det er visst. Me kann inkje lenger hudflengja og forfylgja Læra’rne paa same Maaten, som Jødarne gjorde, (for detta dømer den verdslege Logi)