Side:Fylgjesvennen.djvu/13

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


fyre at ſtogga med Skjenkjeſtova og ſitja og ſumla til langt paa Natt. Og naar du ſo kjem heim og finn Kona og Born heile, ligg det daa ſo langt undan, trur du, at tenkja paa, at Gud heve voret god imot deg likavel, ſom heve gjevet deg baade Kona og Born.

Og ſo Kvinna, ſom ſteller meir inne, kann inkje ho og vitna um Kriſtus i ſi ſtille Ferd. Jau visſelega. Naar ho flir og ſoper og tvær Golvet og vil halda alt fint og reint, av di ho veit, at Gud, ſom er den reine, inkje kann lika at vera tilhuſe i ei Stova, ſom meir er likt til eit Griſebol enn Folkahus, ſo gjerer ho ei Gjerd, ſom det ſømer ſeg eit kriſtelegt Kvende. Og naar ho alltid held ſeg og Mannen ſin velflidde, agtar vel paa Borni ſine og el deim upp i Gudsfrygt, daa er ho eit ſant Jeſu Vitne. Og naar ho i all Aatferdi ſi er ſtilvori og bljug og tolug og fudelſki og Mannen ſin lydug av Hjartat, ſo er ho ei ſann, kriſteleg Kvinna. Difyre ſegjer ogſo Boki, at ſlik ei Kvinna ſkal hava ſtor Løn, fyredi mange ſkal verda vunne fyre Kriſto ved at ſjaa paa hennar reine og bljuge Aatferd.[1] Og Salomon ſkriv i ſine Ordtøke ſoleides um den rette Kvinna:

„Ho gjerer Mannen ſin godt og inkje illt alle ſine Livedagar. Ho fær ſeg Ull og Lin, og Henderna hennar arbeida med Lyſt. Henderna ſine retter ho aat Rokken, og Fingrarne hennar fata Snelda. Handi ſi opnar ho fyre Armingen, og Henderna ſin retter ho til den fatige. Aaklæde gjerer hoſeg, fint Lin og Purpur er hennar Klædnad. — Skyrtor gjerer ho og ſel

  1. 1 Pet. 3, 1. 2;