Side:Fylgjesvennen.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

deim, og Belte flir ho Kaupmannen. Styrke og Heider er hennar Klædnad, og ho lær aat den komande Dag. Ein Munn let ho upp med Visdom, Kjærleiks-Log er paaa Tunga hennar. Ho ser etter, kor det fer aat i Huset sitt, og ho et inkje sitt Braud i Leta. Tekke er svikalt, og Vænleike er faafeng — ei Kvinna, som ottast Herren, ho skal verda lovad.“[1] Ja kjære Viner! Mann og Kvende, det gjeld um at vedkjenna seg den Herre Kristus i Ord og i Gjerd. Og detta er inkje Smaating, men det er ein overslega stor Ting. For Herren segjer: „kvar den som vitnar um meg fyre Menneskjom, honom vil eg og vitna um fyre Fader min, som er i Himlarne, men den som negtar meg fyre Menneskjom, honom vil eg og negta fyre Fader min, som er i Himlarne.“[2] At me daa maatte rettelega vitna um ditt heilage Namn du vaar Herre og Frelsar!

Men kvat Løn hava no dei, som vitna um Kristus, her paa Jordi. Sjaa paa Stefanus, so fær du Svaret. Han vardt hatad, han vardt forfylgt, han vardt slæpt fyre Raadet og lastad paa sitt Bak, og sidstpaa vardt han steinad i Hel. Det var hans Live, det var deira Liv, som vitna i Sanning um Herren og Meistren sin. Sannelega han fekk sanna paa seg dei Ord i Skrifti: „me ljota gjenom mange Trengslor ganga inn i Gudsriket,“[3] han fekk sanna paa seg, „at Vegen er trong, som ber til Livet.“[4] Viner! me lyt lida, soframt me vil ganga inn til Livet, og det er Teiknet paa eit sant Jesu Vitne, at ein kann lida me Tolmøde. Eg meiner

  1. Ord. 31, 12 fg.
  2. Mt. 10, 32. 33.
  3. Ap. Gj. 14, 22;
  4. Mt. 7, 14.