Side:Fylgjesvennen.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fyre dei fatige, aldri stengjer Dyri fyre den, som laana vil, sosant du kann hjelpa honom, og han fortener at verda hjelpt, aldri syta, um det gjeng nogso galet, men „elska dine Fiender, og beda fyre deim, som forfylgja deg.“[1] Daa skal du heita Guds Barn, som er i Himmelen, daa skal du heita ein sann Kristen.

Og denne Vitning av Kristus baade i Ord og Gjerd, ho gjeld baade Mann og Kvende, ho skal signa alt Arbeidet ditt, og ho er so langt fraa at meinka elder seinka det fyre deg, at ho tvertum vil gjera det lettare. Naar du, som er Fiskar, er ute i Baaten din og held Snøret; ligg det daa so langt undan, trur du, at koma til at tenkja paa Apostlarne, som var Fiskarar so mange, at tenkja paa den store Fiskefarm, som dei ein Gong fekk, daa vaar Herre Jesus sagde det, at siga i Kne fyre honom, som Petrus, og segja: „Herre! gakk ifraa meg, for eg er ein syndug Mann,“[2] og likavel beda honom av sin Naade velsigna ogso Fiskjet ditt. Elder naar du er ute og arbeider paa Marki, ligg det daa so langt undan, trur du, at tenkja paa honom, som all god og fullkomleg Gaava er ifraa, som gjev Regn og Solskin og Grodr og so at beda til honom i Hjartat ditt um Lukka til det Aar, som stundar. Elder naar du ser paa Vegen paa Kjerra di, ligg det daa so langt undan, trur du, at koma i Hug, korleides Gud no i so mange Aar heve latet deg fara vel aat og fram, og so takka honom fyre det og syngja ein Salmestubbe elder ei onnor god Visa istaden

  1. Mt. 5, 44.
  2. Luk. 5, 8.